



Øvingsutval:
G/J 5.trinn: 60m, 600m, lengde og liten ball
G/J 6.trinn: 60m, 600m, lengde, høyde, kule, liten ball
G/J 7.trinn: 60m, 600m, lengde, høyde, kule og liten ball
E
Ein kan maks melda seg på i to øvingar, i tillegg til evt. stafett.
Medalje til dei tre beste i kvar øving for gutar og jenter. Det er ikkje høve til etterpåmelding.
Startnummer:
Kan hentast på Sandnes stadion frå og med 27.mai. Viktig at du har på deg startnummer når du konkurrerer.
Donald-stafett:
Donald-stafett foregår over 4x60 meter utan stafettpinne. Etappane går fram og tilbake mellom 60m-start og målstreken. Første etappe startar på målstreken og løper til start 60m. Andre etappe løper tilbake til målstreken for veksling osb. Godkjent veksling er eit klapp med neste løpar når han/ ho står i ro.
Her er ein video som viser ein slik stafett.
Guttane og jentene løper på to ulike områder av banen. Dette er markert på banen med skilt (Bane 1 og Bane 2).
60 meter:
På 60m løper guttane og jentene på to ulike områder av banen. Dette er markert på banen med skilt (Bane 1 og Bane 2).
Heat blir satt opp og starta fortløpande frå tidspunktet som er gitt på tidsskjemaet for aktuell klasse.
Dei åtte beste tidene i kvar klasse kvalifiserer seg til finale. Her blir finale-heat satt opp og lagt ut på resultatservice når det er klart kven som kvalifiserer seg.
600 meter:
På 600 meter starter guttane og jentene samme plass. Her blir heat satt opp på førehand. Kontroller kva heat du skal løpa i i resultatservice. Startordnar leser opp kven som skal løpa i dei ulike heata kort tid før start.
Lengde:
Det er tri lengdegroper i bruk. Desse er markert med lengde1, 2 og 3 på tidsskjemaet og med skilt ved lengdegropene. Lengde 1 og 2 er på stadion. Lengde 3 er på kunstgrasbanen bak hovudtribunen. I forkant av stevnet vil det blir lagt ut link til resultatservice. Der finner du startlister der du kan sjå kva for ei gruppe du skal hoppa i. Nokre klassar er delt i to, andre er ei gruppe. Alle får tri forsøk i lengde. Forsøka blir gjennomført slik at alle elevane har gjennomført sitt første forsøk før andre runde.
Liten ball:
For kast med liten ball er det to kastområder. Desse er markert med skilt der det står liten ball 1 og liten ball 2. I forkant av stevnet vil det blir lagt ut link til resultatservice. Der finner du startlister der du kan sjå kva for ei gruppe du skal kasta i. Nokre klassar er delt i to, andre er ei gruppe. Alle får tri forsøk i kast med liten ball. Forsøka blir gjennomført fortløpande før neste elev.